Etablering i Hyllestad Industripark gir deg store fordelar

  • Nær marknaden midt i krysset for skipsindustri, offshore, oppdrett og energi.
  • Byggeklare tomter ved sjøen – med framtidsretta infrastruktur.
  • Tilgang på allsidig og attraktiv kompetanse i område med over tusen års industrihistorie.

Hyllestad Utviklingspark ligg i Leirvik i Hyllestad kommune, Ytre Sogn. Utviklingsparken dekker eit område på ca. 12 da. med tomteareal til næringsføremål.

Det er lagt stor vekt på at dei tekniske løysingane som er lagt inn i næringsareala skal dekke alle tenkjelege behov innan krafttilførsle, vatn, avlaup og fiber for raskt internettsamband.

Utviklingsparken har god parkeringskapasitet. Det er planlagt utbygging av kai.

Eigarane er Hyllestad kommune (76,7%), SDS Eigenom AS (19,6%) og Havyard Ship Technology (3,7%). Etablerarane vil nyte godt av eigarane sine store nettverk innan ulike næringar og næringsrelatert verksemd.

Skisser over dei tenkte bygningane i Hyllestad Utviklingspark. Grafikk: Asplan Viak.