På salskontoret i Leirvik møter vi Karsten Birkeland og Anne-Britt Wolff. Dei handterer ordre og bestillingar og jobbar med sal.
Meson er ein ventilprodusent, der støypte produkt er deira spesialitet. Hovudkontoret til Meson Group er i Sverige og det norske kontoret har forretningsadresse på Ulsteinvik og Leirvik. Marknaden er global. I tillegg til Noreg og Sverige, har Meson salsavdelingar i Danmark, Romania, Spania, Tyrkia og Singapore. Dei har eigne distribusjonssentre og fabrikkar.