Hotel Sognefjord

Hotel Sognefjord er eit koseleg hotell ved sjøen i Leirvik i Sogn. Vi ligg 8 min. frå Rysjedalsvika med ekspressbåt til/frå Bergen, og 17 min. frå Lavik fergekaia og E39. Hotel Sognefjord har 10 nyoppussa twin-, dobbel- og familierom, 1 handikapvenleg rom - alle med eget bad, vannkoker, TV og gratis WiFi.

Hotel Sognefjord har blitt kjend for heimelaga norsk mat, nysteikte skillingsbollar på laurdagar, heimelaga raspeballar på torsdagar, saftige burgarar, pizza og softis. Du kan nyte eit avlappande måltid og alle rettigheter i restauranten og puben med utsikt over Bøfjorden. Om sommaren, kan du kose deg på terrassen ved sjøen. Små og store gruppar er hjarteleg velkomne. Maten kan leveres eller hentes som takeaway!


Hotel Sognefjord tilbyr catering av koldtbord, tapas, pizza og snittar til alle anledningar. Hotellet byr på møtelokale til store og mindre samlingar, møter eller selskap med servering av 2- eller 3-retters middag. Vi har møtepakker med overnatting, servering og aktivitetar. Nytt i 2021 - digitalt konferanseutstyr i møtelokale og ladestasjon for el-biler.


I samarbeid med Sognefjord Boating er det mulighet for vannscooterutleige og -safari og andre aktivitetar. Ta gjerne kontakt på 57 78 89 20 for informasjon og bestilling. Du finner Hotel Sognefjord også på Facebook.


Hjarteleg velkommen til Hotel Sognefjord!


hotelsognefjord.no